Helse Bergen
Job title:
PhD/Doktorgradsstipendiat
Company
Helse Bergen
Job description
Om stillingaVed Forskingseininga, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland Universitetssjukehus, er det nå ei ledig stilling som PhD/ doktorgradsstipendiat i medisin finansiert av Mohn forskingssenter for psykoselidelser (MRCP). Stillinga er knytt til STABIL-NOR-prosjektet som er ei utprøving av legemiddelet WEGOVY mot placebo i gruppa pasientar med schizofreni spekter lidingar. Hovudutfallsmålet er endring i kroppsvekt etter 26 vekers bruk av studiemedisin. Samla stipendperiode er 3 år i 100% stilling.Om STABIL-NOR:
STABIL-NOR er eit nasjonalt forskingsprosjekt som er finansiert av Helse Vest, og av Helse Midt-Norge og Ullevål universitetssjukehus. Prosjektet har som bakgrunn at mange pasientar som brukar antipsykotikum utviklar overvekt eller fedme, som kan gi sekundære helseproblem. STABIL-NOR er ei randomisert kontrollert dobbelt-blind legemiddelutprøving med inklusjon av deltakarar i Bergen, Trondheim, Oslo og Stavanger.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:15.12.2024Arbeidsgivar:Helse BergenStad:BergenStillingstittel:PhD/DoktorgradsstipendiatStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:EngasjementStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4878227101Sosial deling :ArbeidsoppgåverStipendiaten skal gjennomføre:
- Søknad om opptak som PhD-kandidat ved det Medisinske fakultet, Universitetet i Bergen
- Opplæring, formidling og publisering, samt innlevering av avhandling etter de krav som er sett til PhD graden
Utover dette skal stipendiaten bidra til:
- Rekruttering av deltakarar
- Datainnsamling
- Kartlegging av deltakarar somatisk og psykiatrisk
Prosjektet gjennomførast i samarbeid mellom Bergen psykoseforskingsgruppe (BPRG) og poliklinikken ved Avdeling spesialisert psykosebehandling, Psykiatrisk klinikk. BPRG har fast personale som arbeider i prosjektet og som blir stipendiaten sine næraste medarbeidarar saman med hovudrettleiar Rune Andreas Kroken, som også deltar i kartlegging av deltakarar i STABIL-NOR.Kvalifikasjonar
- Vi søker ein kandidat som er psykiater eller er lege i spesialisering i psykiatri
- Tidlegare forskingserfaring og vitskapelege publikasjonar vil bli vektlagt
- Søkar må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkar må beherske godt engelsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Tryggleik og presisjon i munnleg og skriftleg kommunikasjon, og evne til å skape tillit og god dialog
- Fagleg tryggleik
- Evne til å arbeide strukturert og systematisk
- Analytiske evner og god gjennomføringsevne
- Lojalitet til sjukehuset sine verdiar
- God evne til å samarbeide med andre
Vi tilbyr
- Deltaking i eit nasjonalt og internasjonalt forskingsmiljø innan psykisk helse
- Eit spennande og aktivt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, NorgeKontaktinformasjonRune Andreas KrokenProsjektleiarE-post: [email protected]Trude Merete RambergSeksjonsleiarE-post: [email protected]Om arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Expected salary
Location
Bergen, Vestland
Job date
Sat, 23 Nov 2024 04:12:51 GMT
To help us track our recruitment effort, please indicate in your email/cover letter where (jobsineu.net) you saw this job posting.