Førsteamanuensis (100 %) i medisin (molekylær patologi) ved Klinisk institutt 1

Job title:

Førsteamanuensis (100 %) i medisin (molekylær patologi) ved Klinisk institutt 1

Company

Universitetet i Bergen

Job description

Førsteamanuensis (100 %) i medisin (molekylær patologi) ved Klinisk institutt 1UiB – Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Førsteamanuensis i medisin (molekylær patologi)Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i medisin (molekylær patologi) ved .Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved CCBIO vil bidra til framifrå forsking, undervisning, formidling og innovasjon. CCBIO har ei rekkje forskingsgrupper ved ulike institutt og forskar på biomarkørar for kreft og underviser i ei rekkje relevante fag gjennom sin forskarskule CCBIO Research School for Cancer Studies. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har demonstrert fagleg engasjement og tyngde innafor molekylær patologi.Arbeidsoppgåver/forskingsområdeDen som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til molekylær patologi, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i fagfelt molekylær biologi, biokjemi, eller tilsvarande kompetanse, og (td cand.med.) og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Dokumentert eksperimentell erfaring må inkludere vevshåndtering, grunnleggende immunhistokjemi og avanserte, høymultiplexerte antistoffbaserte analyser (spesielt imaging mass cytometry), kartlegging av proteininteraksjoner, RNA-mapping via in situ sequencering, spatial metabolomics, RNA-sekvensering samt bioinformatikkferdigheter (f.eks. R) for å utføre digital bildeanalyse og avanserte statistiske analyser med data fra store pasientkohorter. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, inkludert flere første- og seniorforfatterpublikasjoner uten medforfatterskap fra PhD eller postdoc-veileder. Kandidaten kan, som hovudsøkar, vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe med spatialt, multi-omics vevsbasert forsking, innen kreft progresjon inklusive utvikling av behandlingsresistens, som fokus. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Invitasjoner som foredragsholder på internasjonale møter eller konferanser, samt oppdrag i internasjonale/nasjonale evalueringskomiteer og forpliktelser til institusjonelle verv (for eksempel som styremedlem), vil bli ansett som en fordel. Erfaring frå ulike internasjonale forskingsinstitusjonar efter ph.d., og dokumentert evne til å etablere internasjonale nettverk er en stor fordel. Og det same gjer også erfaring med og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagt ved vurderinga.Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på . Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.Vi kan tilby

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 760 000 – 770 000(kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte Professor Lars A. Akslen e-post: Lars.akslen@uib.noMangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen .Om Universitetet i BergenUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. og

Expected salary

Location

Bergen, Vestland

Job date

Thu, 03 Jul 2025 01:11:32 GMT

To help us track our recruitment effort, please indicate in your email/cover letter where (jobsineu.net) you saw this job posting.

Share

Recent Posts

New Product Introduction (NPI) Project Manager

Job title: New Product Introduction (NPI) Project Manager Company Repligen Job description team members to…

2 minutes ago

ADDETTO/A UFFICIO ACQUISTI

Job title: ADDETTO/A UFFICIO ACQUISTI Company AxL Job description oltre 30 filiali in tutta Italia,…

5 minutes ago

Social vicevært til Forsorgscenter Toften

Tytuł pracy: Social vicevært til Forsorgscenter Toften Firma Forsorgscenter Toften Opis stanowiska telefon 20 31…

6 minutes ago

Account Executive (Public Sector – Central Goverment)

Job title: Account Executive (Public Sector - Central Goverment) Company Insight Enterprises Job description Account…

11 minutes ago

TITKÁRNŐ

Job title: TITKÁRNŐ Company Beck & Partners Job description és kivitelezésével foglalkozó építőipari vállalat. Hozzájuk…

14 minutes ago

Speech Therapist – Work In Ireland – Fully Paid Relocation Package

Job title: Speech Therapist - Work In Ireland - Fully Paid Relocation Package Company Mercier…

22 minutes ago
For Apply Button. Please use Non-Amp Version

This website uses cookies.