Førsteamanuensis (100%) i medisin (nefrologi) ved Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet
Universitetet i Bergen
Førsteamanuensis (100%) i medisin (nefrologi) ved Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultetUiB – Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Førsteamanuensis i medisin ved seksjon for nefrologi, Klinisk institutt 1.Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) i medisin (nefrologi) vedVi søkjer ein medarbeidar som saman med fakultetet og dei tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning ved instituttet. Klinisk institutt 1 har forskingsgrupper som forskar på kliniske problemstillingar. Klinisk institutt 1 tilbyr emne i profesjonsutdanninga i medisin, i tillegg til bachelor- og masterutdanning i ernæring. Tilsette ved instituttet undervis også i patologi ved Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.Stillinga vil varte kobla til ei stilling som overlege ved på Haukeland Universitetssjukehus.Arbeidsoppgåver/forskingsområde:Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til nefrologi, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Kvalifiserte søkjarar er spesialist i nefrologi, har norsk doktorgrad i relevant fagfelt, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert eiga forskingsgruppe.Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon.
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på . Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.Vi tilbyr:
Søknaden skal innehalde:
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte Instituttleiar / Professor i Nevrologi e-post: .For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Therese Myhre Odfjell e-post:Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen .Om Universitetet i BergenUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. og
Bergen, Vestland
Wed, 02 Jul 2025 05:17:33 GMT
To help us track our recruitment effort, please indicate in your email/cover letter where (jobsineu.net) you saw this job posting.
Job title: Paid Fundraising Manager Organisation Saoirse Domestic Violence Services Hours Full-time Location Dublin Company…
Berufsbezeichnung: Data Center Facility Engineer, Data Center Engineering Operations Unternehmen Amazon Stellenbeschreibung . We are…
Job title: H.U.B - Professor in Immuno-Oncology - Full-time (h/f/x) Company Hôpital Erasme Job description…
Tytuł pracy: It-arkitekt til nøglerolle i ERP-projekt i Region Midtjylland Firma Region Midtjylland Opis stanowiska…
Job title: Senior Legal Administrative Assistant Company Global Relay Job description Who we are:For over…
Job title: adjunktus Company Debreceni Egyetem Job description (PhD/DLA) fokozat, posztdoktori kutatói teljesítmény, legalább egy…
This website uses cookies.