Har du fagbrev innan industrirørlegging og vil bli med på å skape morgendagens løysningar?
Ulstein Verft AS
Om stillingaUlstein Verft søker etter fagleg sterke kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar i eit spennande og engasjerande miljø. Arbeidsoppgåvene er varierte, og du vil bli ein del av eit fagleg dyktig arbeidsmiljø der du kan utvikle deg og skape resultat saman med oss. Intervju vert gjennomført fortløpande.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:04.08.2025Arbeidsgivar:Ulstein Verft ASStad:UlsteinvikStillingstittel:IndustrirørleggarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4992542399Sosial deling :Oppgåver du vil jobbe medArbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
KvalifikasjonarVi ønskjer søkarar med fagbrev som industrirørleggar eller andre relevante fagbrev.Oppgåvene som skal løysast krev ei praktisk og teknisk forståing – frå teikning til sluttprodukt. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det er også ein fordel å kunne norsk og engelsk for å kunne diskutere og løyse oppgåver saman med kollegaer.Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass?Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.I hjartet av SunnmøreOm du treng å flytte for å jobbe i Ulstein Verft, så er både Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu. Vakre fjell og turterreng kan ein enkelt nå til fots, på sykkel eller ski. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring frå Ulsteinvik.Adresse: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik, NorgeKontaktinformasjonTor-Erik AgledalSection LeaderE-post: tor.erik.agledal@ulstein.comOm arbeidsgivarenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Ulsteinvik, Møre og Romsdal
Sun, 06 Jul 2025 05:31:06 GMT
To help us track our recruitment effort, please indicate in your email/cover letter where (jobsineu.net) you saw this job posting.
Job title: távértékesítési prémium banki tanácsadó - debrecen / 4024 Debrecen, Piac utca 52 Company…
Berufsbezeichnung: Microsoft 365 Analyst Unternehmen Strabag Stellenbeschreibung At STRABAG around 86,000 people working on progress…
Job title: Content Moderator - Danish Market Company FH Collective Academy Job description Now Hiring:…
İş unvanı: Vasıfsız Personel Şirket [item_sirket] İş tanımı uygun davranış sergileme Yan Haklar: - Çalışanlarımıza…
Job title: Cloud Architect - Delivery Consultant Company Amazon Job description a workplace accommodation or…
Job title: Director of Quality System Company Allcare Pharmacy Job description , and CSV. Build…
This website uses cookies.