
Helse Fonna
Job title:
Psykolog? No er det din tur
Company
Helse Fonna
Job description
Om stillingaØnskjer du å bli ein del av eit fagleg fellesskap der både pasienten og kollegaen blir tatt på alvor?Her møter du eit tverrfagleg miljø der legar i spesialisering, sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar jobbar tett saman. Du får bruke spesialistkompetansen din i eit miljø som speler kvarandre gode – med rom for både fagleg utvikling og kvilepuls i kvardagen.Vi ser etter deg som trivst i faglege samtalar, ser heilskapen i møtet med pasientar og jobbar målretta og dedikert.Hos oss blir du ein del av Haugaland DPS, som tilbyr brei behandling innan psykisk helse og rus, både i døgnpost og poliklinikk. Her finn du òg ACT- og FACT-team, psykose-team og akutt ambulant team (AAT) – med gode høve for fagleg utveksling og samarbeid på tvers.Vi legg til rette for fagleg vekst – med fokus på kompetanseheving, vidareutdanning og deltaking i aktivt forskingsmiljø. For rett kandidat kan vi òg sjå på moglegheiter for PhD-løp. Spesialistpermisjon er avtalefesta i alle helseføretak.Hos oss er det lett å vere ny, lett å spørje – og lett å trivast. 👉 Er dette ein kvardag du kjenner deg igjen i? Då håpar vi du søker!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.08.2025Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:HAUGESUNDStillingstittel:PsykologspesialistStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4778984897Sosial deling :Kva går jobben ut på?
- Psykologfaglege observasjonar, utgreiing og behandling
- Bidra i behandlingsmøte og tverrfagleg samarbeid
- Rettleiing og fagleg støtte internt
- Samarbeid med pårørande og andre instansar
- Aktiv deltaking i kvalitets- og utviklingsarbeid
- Vere oppdatert på fagfeltet og bidra til kompetanseheving i avdelinga
- Vedtaksansvar ved tvunge psykisk helsevern (vi legg til rette for opplæring om du ikkje har dette i dag)
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Må ha norsk autorisasjon som psykolog
- Relevant erfaring og praksis blir vektlagd
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Det er ein fordel om du har erfaring med vurderingar i tråd med Lov om psykisk helsevern og tvunge psykisk helsevern.
Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som:
- er oppteken av god pasientbehandling
- har trygg tilnærming og er god til å bygge tillit i møte med pasientar
- har høg etisk bevisstheit og tek fagleg ansvar på alvor.
- liker å lære og set pris på godt samarbeid med kollegaer
Personleg egnethet vert vektlagd.Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du:
- Fast 100 % stilling i eit utviklingsretta og triveleg fagmiljø
- Gode kollegaer med ulik fagbakgrunn og lav terskel for å spørje kvarandre.
- Tverrfagleg samarbeid med psykiater, LIS, sjukepleiarar, vernepleiarar og miljøpersonell.
- 4 månaders utdanningspermisjon kvar 5. år for spesialistar.
Adresse: Floravegen 75, 5535 HAUGESUND, NorgeKontaktinformasjonCarl EnoksenFunksjonsleiarE-post: [email protected]Om arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå . Følg oss også gjerne på .
Expected salary
Location
Haugesund, Rogaland
Job date
Thu, 29 May 2025 07:43:09 GMT
To help us track our recruitment effort, please indicate in your email/cover letter where (jobsineu.net) you saw this job posting.