Psykolog? No er det din tur

Job title:

Psykolog? No er det din tur

Company

Helse Fonna

Job description

Om stillingaØnskjer du å bli ein del av eit fagleg fellesskap der både pasienten og kollegaen blir tatt på alvor?Her møter du eit tverrfagleg miljø der legar i spesialisering, sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar jobbar tett saman. Du får bruke spesialistkompetansen din i eit miljø som speler kvarandre gode – med rom for både fagleg utvikling og kvilepuls i kvardagen.Vi ser etter deg som trivst i faglege samtalar, ser heilskapen i møtet med pasientar og jobbar målretta og dedikert.Hos oss blir du ein del av Haugaland DPS, som tilbyr brei behandling innan psykisk helse og rus, både i døgnpost og poliklinikk. Her finn du òg ACT- og FACT-team, psykose-team og akutt ambulant team (AAT) – med gode høve for fagleg utveksling og samarbeid på tvers.Vi legg til rette for fagleg vekst – med fokus på kompetanseheving, vidareutdanning og deltaking i aktivt forskingsmiljø. For rett kandidat kan vi òg sjå på moglegheiter for PhD-løp. Spesialistpermisjon er avtalefesta i alle helseføretak.Hos oss er det lett å vere ny, lett å spørje – og lett å trivast. 👉 Er dette ein kvardag du kjenner deg igjen i? Då håpar vi du søker!NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.08.2025Arbeidsgivar:Helse Fonna HFStad:HAUGESUNDStillingstittel:PsykologspesialistStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4778984897Sosial deling :Kva går jobben ut på?

  • Psykologfaglege observasjonar, utgreiing og behandling
  • Bidra i behandlingsmøte og tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing og fagleg støtte internt
  • Samarbeid med pårørande og andre instansar
  • Aktiv deltaking i kvalitets- og utviklingsarbeid
  • Vere oppdatert på fagfeltet og bidra til kompetanseheving i avdelinga
  • Vedtaksansvar ved tvunge psykisk helsevern (vi legg til rette for opplæring om du ikkje har dette i dag)

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Må ha norsk autorisasjon som psykolog
  • Relevant erfaring og praksis blir vektlagd
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Det er ein fordel om du har erfaring med vurderingar i tråd med Lov om psykisk helsevern og tvunge psykisk helsevern.

Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som:

  • er oppteken av god pasientbehandling
  • har trygg tilnærming og er god til å bygge tillit i møte med pasientar
  • har høg etisk bevisstheit og tek fagleg ansvar på alvor.
  • liker å lære og set pris på godt samarbeid med kollegaer

Personleg egnethet vert vektlagd.Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du:

  • Fast 100 % stilling i eit utviklingsretta og triveleg fagmiljø
  • Gode kollegaer med ulik fagbakgrunn og lav terskel for å spørje kvarandre.
  • Tverrfagleg samarbeid med psykiater, LIS, sjukepleiarar, vernepleiarar og miljøpersonell.
  • 4 månaders utdanningspermisjon kvar 5. år for spesialistar.

Adresse: Floravegen 75, 5535 HAUGESUND, NorgeKontaktinformasjonCarl EnoksenFunksjonsleiarE-post: carl.enoksen@helse-fonna.noOm arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå . Følg oss også gjerne på .

Expected salary

Location

Haugesund, Rogaland

Job date

Thu, 29 May 2025 07:43:09 GMT

To help us track our recruitment effort, please indicate in your email/cover letter where (jobsineu.net) you saw this job posting.

Share

Recent Posts

KARBANTARTÓ SZAKMUNKÁS (VÍZVEZETÉK -ÉS CSŐHÁLÓZAT SZERELŐ, VILLANYSZERELŐ)

Job title: KARBANTARTÓ SZAKMUNKÁS (VÍZVEZETÉK -ÉS CSŐHÁLÓZAT SZERELŐ, VILLANYSZERELŐ) Company MÁV Job description ezek alkatrészeinek,…

23 minutes ago

Bekçi

İş unvanı: Bekçi Şirket [item_sirket] İş tanımı İlan detayı Kavacık beykozda bulunan plaza'da çalışmak üzere…

28 minutes ago

IT Governance Analyst (m/f/x)

Aarbechtstitel: IT Governance Analyst (m/f/x) Firma Deutsche Bank Aarbechtsbeschreiwung success and financial security. The IT…

29 minutes ago

Développeur Android Confirmé F/H

Titre du poste : Développeur Android Confirmé F/H Société Viseo Description du poste et esthétiques ?…

35 minutes ago

Mecânico e Reparador de Veículos Automóveis

Título do trabalho: Mecânico e Reparador de Veículos Automóveis Empresa [item_empresa] Descrição do trabalho de…

55 minutes ago

Leitung strategischer Vertrieb International (m/w/d)

Berufsbezeichnung: Leitung strategischer Vertrieb International (m/w/d) Unternehmen Iventa Stellenbeschreibung Iventa. The Human Management Group sucht…

1 hour ago
For Apply Button. Please use Non-Amp Version

This website uses cookies.