Salsingeniør

Job title:

Salsingeniør

Company

Ulstein Power & Control AS

Job description

Om stillingaVil du vere med å forme framtidas maritime løysingar?
Ulstein Power & Control (UPC) søkjer ein erfaren og resultatorientert salsingeniør til å styrkje salgsteamet vårt. Vi er ein del av Ulstein Group, eit internasjonalt anerkjent selskap med over 100 års erfaring innan skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip.I Ulstein Power & Control utviklar vi innovative, grøne løysingar innan kraft og automasjon for den maritime industrien. Vi har ein langsiktig horisont, ein strategi for vekst, og ser fram til å ønskje ein ny kollega velkomen om bord.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.10.2024Arbeidsgivar:Ulstein Power & Control ASStad:UlsteinvikStillingstittel:Sales EngineerStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4870226447Sosial deling :Kva blir dine viktigaste oppgåver?Som salsingeniør vil du ha ei sentral rolle i organisasjonen vår. Du vil ha ansvar for å identifisere og byggje relasjonar med nye kundar, samt være med på å vidareutvikle samarbeidet med eksisterande kundar. Du vil jobbe tett med det tekniske teamet vårt for å utarbeide skreddarsydde løysingar og sikre kundetilfredsheit.Som salsingeniør hos oss vil du også:

  • arbeide tett med salgsleiar for å kalkulere og kvalitetssikre kostnader
  • bidra til utviklinga av framtidig produktportefølje
  • utarbeide tekniske spesifikasjonar og tilbod
  • delta i forhandlingar med kundar og leverandørar
  • gjennomføre «handover» til organisasjonen etter kontraktsignering
  • promotere UPC sine løysingar og system

Kven ser vi etter?Vi ser etter deg som er ein relasjonsbyggjar med god teknisk forståing og interesse for kraft- og automasjonssystem. Du har erfaring frå elektro-, automasjons- eller salssida i maritim bransje, og er driven av å identifisere lønnsame moglegheiter. Du har god forretningsforståing og evne til å drive salsprosessar frå start til slutt.I tillegg er du:

  • Forbetringsorientert: Du ser moglegheiter for å forbetre eksisterande prosessar og rutinar.
  • Resultatorientert: Du er ein lagspelar som jobbar målretta for å nå felles mål.
  • Strukturert, engasjert og nysgjerrig: Du har ein strukturert arbeidsmåte, er engasjert i arbeidet ditt og har ei nysgjerrig tilnærming til nye utfordringar.

Kvifor Ulstein?

  • Fagleg utvikling: Bli ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, der kunnskapsdeling og samarbeid står sentralt.
  • Spennande utfordringar: Jobb med innovative og berekraftige løysingar i eit internasjonalt konsern.
  • Personleg vekst: Vi vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
  • Godt miljø: Mulighet til å bidra og utvikle i et miljø med takhøyde.
  • Konkurransedyktige vilkår: Vi tilbyr ei attraktiv lønnspakke med gode pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidsstad: Ulsteinvik, med fleksibilitet til å nytte kontoret vårt i Ålesund.Adresse: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik, NorgeKontaktinformasjonJan Tore Hamnøy,Rådgiver, Rekrutteringsbyrået HAMNØY ASMarita Stakkestad HanstveitRådgiver – research & analyse, Rekrutteringsbyrået HAMNØY ASOm arbeidsgivarenULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.

Expected salary

Location

Ulsteinvik, Møre og Romsdal

Job date

Fri, 11 Oct 2024 03:06:43 GMT

To help us track our recruitment effort, please indicate in your email/cover letter where (jobsineu.net) you saw this job posting.

Share

Recent Posts

People Analytics Manager(SQL)

Job title: People Analytics Manager(SQL) Company Wolt Job description Company DescriptionWolt is a Helsinki-based technology…

11 minutes ago

SAP Premium Hub – CoE: Business Process Senior Consultant – E-Invoicing, TAX, Finance

Job title: SAP Premium Hub - CoE: Business Process Senior Consultant - E-Invoicing, TAX, Finance…

12 minutes ago

Senior Data Scientist

Job title: Senior Data Scientist Company ARHS Digital Job description Company DescriptionArηs Group – part…

14 minutes ago

Outbound Sales Advisor

Job title: Outbound Sales Advisor Company Michael Page Job description Outbound Sales Advisor role in…

15 minutes ago

Projektmanager*in IT-Standortverwaltung

Berufsbezeichnung: Projektmanager*in IT-Standortverwaltung Unternehmen Caritas Stellenbeschreibung Kunstuniversität Linz / University of Arts Linz Hauptplatz 6,…

19 minutes ago

Hemşire

İş unvanı: Hemşire Şirket [item_sirket] İş tanımı Ümraniyede yeni açılacak muayenehanemiz için, 1.Görünüsüne özellikle önem…

26 minutes ago
For Apply Button. Please use Non-Amp Version

This website uses cookies.