Seksjonsleiar

Job title:

Seksjonsleiar

Company

Helse Møre og Romsdal

Job description

Er du klar for ei spennande leiarerutfordring innanfor rusbehandling?Vi søkjer en fagleg sterk, ambisiøs og inkluderande seksjonsleiar til seksjonen Langtids døgn rusbehandling TSB Molde. Vi ønskjer oss ein leiar som er offensiv i leiarrolla, og med eit sterkt ønskje om å bidra i vidareutvikling av tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Som seksjonsleiar vil du vere administrativt og fagleg underlagt avdelingssjefen og vil inngå i avdelinga si leiargruppe.Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) tilbyr eit heilskapeleg behandlingstilbod for personar med avhengighet innen rus og spill. Avdelinga har to poliklinikkar og døgntilbod som strekker seg frå akutt- til langtidsbehandling. Avdelinga gir også tilbod til pårørande.Seksjon for Langtids døgn rusbehandling TSB Molde er ein av fem seksjonar i Avdeling for TSB i Klinikk for psykisk helse og rus i HMR. Seksjonen har dei siste åra vore gjennom ei stor omorganisering av behandlingsinnholdet. I kombinasjon med rusbehandling tilbyr vi pasientane DBT (dialektisk atferdsterapi) ferdighetsopplæring, emosjonsregulering og traumebehandling med narrativ eksponeringsterapi. Endringane starta i tett samhandling med to PhD kandidatar og resultata skal etterkvart publiserast.Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen i nært samarbeid med avdelingssjef
  • Ansvar for at seksjonen vert drive i samsvar med gjeldande lover og foreskrifter, interne retningsliner og innanfor økonomiske rammer
  • Personal-, budsjett og fagleg ansvar for seksjonen
  • Sikre bemanning og drift etter gjevne ramme
  • Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
  • Medansvar for avdelinga sine tenester og resultat
  • Fagansvar og fokus på fagutvikling
  • Vidareutvikling av seksjonen sine tenester i tråd med overordna føringar

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på universitets- eller høgskulenivå
  • Ønskjeleg med leiarkompetanse og/ eller leiarerfaring
  • Ønskjeleg med vidareutdanning innan rus og psykiatri
  • Kjennskap til bruk av relevante IT-verktøy
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • Førarkort

Personlege eigenskapar

  • Du er ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
  • Du har god system- og organisasjonsforståelse for økonomi og drift
  • Du har evne og vilje til å utarbeide mål og motivere sine tilsette
  • Du oppnår resultat, evaluerer og korrigerer
  • Du er positiv og medverker til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har evne og arbeidshelse til å arbeide i ein hektisk kvardag og trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Du er endringsmotivert og har gjennomføringsevne

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyr

  • Ei spennande leiarstilling med moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Deltaking i avdelinga si leiargruppe
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagdagar, internundervisning og rettleiing
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.Kontaktinformasjon Kari Marie Remø Nesseth, Avdelingssjef, 98 47 22 88,Arbeidsstad Glomstuvegen 50
6412 MoldeNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4973770810
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025Kontaktperson for stillingenKari Marie Remø NessethAvdelingssjef98 47 22 88Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di – slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?For meir informasjon om helseforetaket, sjåSektorOffentligNettsted

Expected salary

Location

Molde, Møre og Romsdal

Job date

Sat, 07 Jun 2025 22:45:11 GMT

To help us track our recruitment effort, please indicate in your email/cover letter where (jobsineu.net) you saw this job posting.

Share

Recent Posts

Digital Content & SEO Manager

Job title: Digital Content & SEO Manager Company Centrica Job description Join us, be part…

3 minutes ago

Key Account Manager – Distribution Business

Job title: Key Account Manager - Distribution Business Company Kolb Distribution AG Job description Cleaning,…

16 minutes ago

Experienced medical writer – medical affairs

Job title: Experienced medical writer - medical affairs Company AMICULUM Job description We have an…

19 minutes ago

Senior Training Tools Engineer

Job title: Senior Training Tools Engineer Company John Deere Job description , Finland Major Duties…

22 minutes ago

Oncology Sales Manager & Strategic Customer Lead

Titlul postului: Oncology Sales Manager & Strategic Customer Lead Companie MSD Descrierea postului Job DescriptionJoin…

31 minutes ago

Experienced BC Developer – ISV Product House

Tytuł pracy: Experienced BC Developer - ISV Product House Firma Nigel Frank International Opis stanowiska…

42 minutes ago
For Apply Button. Please use Non-Amp Version