Spesialingeniør

Helse Bergen

Job title:

Spesialingeniør

Company

Helse Bergen

Job description

Om stillingaLaboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største einingane for laboratorietenester i landet. Klinikken er organisert i avdelingar som dekker fagfelta patologi, mikrobiologi, medisinsk biokjemi, klinisk farmakologi, hormonanalysar, immunologi, transfusjonsmedisin, medisinsk genetikk, kreftgenomikk og biobank.Bioinformatikk driftar og utviklar eigne løysingar for laboratoria ved Laboratorieklinikken, særskild retta mot NGS-basert diagnostikk. Vi jobbar prosjektbasert og ivaretar heile prosessen frå utvikling til produksjon og drift av produkta våre. Høg etterspurnad av tenestene våre gjer det nødvendig å få tak i fleire gode kollegaer som kan hjelpe oss i arbeidet vårt. Vi ønsker to tilsette, der den eine vil ha fokus på drift av infrastrukturen vår (linux, kubernetes, slurm, flux, ansible) og har ei spesiell interesse for dette, og ein som er retta meir mot utvikling, automatisering og validering av bioinformatiske pipelines. Vi har glidande oppgåvefordeling, så det eine utelukkar ikkje det andre.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:17.08.2025Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:SpesialingeniørStillingar:2Tilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4989231229Sosial deling :Arbeidsoppgåver

  • Utvikling, validering og drift av programvare og pipelines for analyse av ulike typer NGS-data
  • Utvikling og drift av ulike laboratoriestøttesystem
  • Utvikling og drift av integrasjonsløysingar mellom analyseinstrument, laboratoriestøttesystem og LIMS
  • Utvikling og drift av system for driftsstatistikk og kvalitetskontroll
  • Brukarstøtte og deltaking i tverrfaglege team

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad eller PhD innanfor bioinformatikk, informatikk, molekylærbiologi eller eit tilsvarende relevant fagfelt. I særskilde tilfelle kan relevant erfaring kompensere for manglande formell utdanning
  • Kjennskap, helst erfaring, med programmeringsspråk (som t.d. Go, Python, Javascript, SQL, R)
  • Kjennskap, helst erfaring, med verktøy og pipelines for handtering og analyse av NGS-data (t.d. GATK, FastQC, BWA SAM-tools,nextflow)
  • Kjennskap, helst erfaring, med drift av linux
  • Kjennskap, helst erfaring, med relevante teknologiar som t.d. kubernetes, slurm og docker
  • Kjennskap, helst erfaring, med metodologiar som GitOps, DevOps og TDD
  • Kjennskap, helst erfaring, med databasar (som t.d. postgresql, mongodb) og meldingstenester (som t.d. NATS, RabbitMQ)
  • Meistre engelsk munnleg og skriftleg. God kunnskap i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
  • Løysings- og serviceorientert
  • Kreativ
  • Samarbeider godt i team
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe med parallelle prosjekt

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Høgt fagleg nivå med gode muligheter for fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.vet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, NorgeKontaktinformasjonJone Marius VignesSeksjonsleiarOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Expected salary

Location

Bergen, Vestland

Job date

Tue, 01 Jul 2025 23:28:36 GMT

To help us track our recruitment effort, please indicate in your email/cover letter where (jobsineu.net) you saw this job posting.

To apply for this job please visit jobviewtrack.com.

Job Location